- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
258

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Tror du paa Gud Fader Almægtigste, Himmelens og
Jordens Skaber?»

Ja. Tønnes gjorde det.

«Tror du paa Jesus Kristus, Guds enbaarne Søn, vor
Herre, som er undfangen af den Helligaand, født af
Jomfru Maria, pint under Pontius Pilatus, korsfæstet,
død og begraven, nedfor til Helvede, opstod tredie Dag
fra de Døde, opfor til Himmels, sidder hos Guds den
almægtiges høire Haand; derfra han skal igjenkomme
at dømme levende og døde?»

Ja. Tønnes trudde alt dette.

«Tror du paa den Helligaand, en hellig kristelig Kirke
at være, som er hellige Menneskers Samfund, Syndernes
Forladelse, Legements Opstandelse og efter Døden det
evige Liv?»

Ja. Tønnes trudde.

Daa tilspurde Presten Tønnes: «vil du paa denne Tro
være døbt?»

Ja. Tønnes vilde paa denne Trui vera døypt. Og so
vart han døypt. Men daa han kjende Vatne paa den
vesle dunmjuke Skolten sin, som ikkje hadde vori i
denne kalde Verdi meir enn i fjortan Dagar, daa grét
han so himils høgt, at ein kunde tru han trega paa, at
han hadde komi hit og «bedi um Daapens Gaave».

Men Anne Malene totte det stod godt til. No var alt
i Orden, tenkte ho, — alt. Baade for Veslegut og for
henne.

— Fraa denne Tid gjekk det godt med det tunge Hjone
i Ned-i-Garden.

I Fyrstningi hadde Anne Malene vori noko leid av seg;
og han Per hadde havt sine Mistankar. Han hadde sét
Postassistenten paa Vegar og Stigar der den Fyren etter
Pers Meining ikkje hadde noko aa gjera. Men so reiste
Postassistenten; og so kom Barne. No gjeng Anne

258

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0260.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free