Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Nei. Han. tykte det var me andre som tulla. Det
var raadlaust aa føre ei vitug Samtale med oss lenger,
sa han. Jamvel Lækjaren sin hadde han ein sterk
Mistanke til. ’Han liver ikkje lengi, den Fyren,’ sagde han;
’han er reint burt-i Ørska alt.’ — ’Er du viss paa at
det ikkje er du sjølv, som ørskar eit Grand stundom?’
spurde eg daa. ’Det kann Skam gjerne hende det,’
svara han.»
Eg undrast paa, korleis dette alt kunde ha bori til.
«Han hev daa gjengi her midt imillom oss; og for ikkje
meir enn eit Aars Tid sidan, eller knapt so lengi
dessmeir, var han so frisk og modig som han vel kunde bli.
Han var jamvel hugtekin, trur eg, og tenkte paa aa
trulova seg.»
«Ja; han hadde ei god Tid daa. Men det var siste
Gongen. I det heile hev han nok havt det vondt i
seinare Aar. Eg trur ikkje det er nokon som rett veit,
korleis han hev fikta seg igjenom. Han skreiv nok sumt,
og heldt ein og annan Fyrilésnad; men kva kunde det
verte av det. Skulearbeid kunde han fengi ender og daa;
men han lika det ikkje. Og no hadde han ikkje Nervur
til det heller; kannhende i det heile ikkje Kraft.»
«Men Folke hans?»
«Av Ætt hadde han ikkje anna no enn tvo eldre
Frendar; og den eine av deim var rik. Men kva hjelpte det?
Han hadde gjort seg Uvénir med den rike Frenden.»
«Det var faavist av honom.»
«Det var so. Elles var det ikkje i Grunnen han som
skilde Lag. Han var ein Gong i Krit-Huse hjaa Ætti
si, skal eg segja Dykk; eg hugsar det godt. Han var
nettupp Student vortin; kom heim som i Sigerferd, med
godt stadin Prøve, gode Gaavur og eit overlag godt Mod;
var Diktar, Talar, all Ting, og vart beintfram gjort Stas
for. Men so kom han her inn att. Og daa vart han
267
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>