- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
271

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Jamsides, paa eit Par andre Skamlar, stod ei
Barne-kiste, endaa armare, endaa svartare, utan Kransar og
utan Band. Trast etter kom eit Par Mennar berande
med endaa ei Barnekiste, som dei sette fraa seg paa
endaa eit Par Skamlar. So skulde daa Vénen vaar fara
aat Jordi i Barnefylgje.

Det var slettikkje for seint. Me laut jamvel vente.
Presten var ute og kasta Jord paa eit anna Lik — det
var søknad til Kyrkjegarden paa slik ein Vaardag —;
og dei hadde nok ikkje meir enn ein Prest aa gjera med
i Dag, daa den andre, Soknepresten, skulde vera med
ved Høgtidi i Storthinge. Me laut daa taka det med
Ro, stole paa Overfrakkane vaare og tære paa
Töl-mode.

Dauden hev elles noko ved seg som gjer, at ein ikkje
so lett misser sitt Tolmod naar den er til Stades. Me
tagde og venta. Fylgje var mest Vénir fraa
Arbeidar-samfunde. Av Bokmanns-Fanten saag eg ikkje meir enn
tvo eller tri, naar eg rekna meg sjølv med. Alt Folk var
i Storthinge, maa-vita. Høgremennar fanst her
sjølvsagt ikkje; dette var eit avgjort Vinstre-Lik.

Me var i det heile pyntelege, godt klædde Folk. Men
der var ikkje mange Flosshattar. Og der var Frakkar
aa skoda, som laut ha røynt Verdi ymist alt. Det var
knapt nokon med av deim som stend høgt paa
Skattelista. Ein fekk i det heile segja at me synte fram Folke.
Men det gjorde me verdigt.

Um ei Stund kom Presten. Og so byrja det. Songlage
fraa Arbeidarsamfunde tok i med ein Song som var
skrivin for denne Stundi, og der den avlidne serleg var
prist for si Tru paa Framtidi. So heldt Presten Tala si.
Ho var berre stutt.

Med Tilføre av at me stod ved denne Kista, sagde han,
so vilde han minne um Orde aat gamle Simeon: Herre,

271

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0273.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free