Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
daa og daa; og so for ein Dag. Men han kom ikkje.
Stakkars Fyr; han hadde vel sine Mistankar.»
«Og alt dette hev me gjengi her og ikkje gaatt etter.
Ikkje lagt Merke til!»
«Aa; ein merka det av det veksande Beisklynde. Han
kunde vera leid, høyrer eg, naar den vonde Luna var
yvi ’n. Og det hende visst ofte. Det vert ikkje noko
vidare helsesamt Liv ein fører, naar det er soleis stelt.
Sume Tidir Saknad; andre Tidir Ofsing. Og det skal
ikkje so overlag mykje til, fyrr slikt eit Bymenne no
for Tidi hev øydt Krafti si.»
«Det skulde daa beint fram vera det?»
Han drog paa Aksline. «Det hev gjort sitt.»
Me var so langt komne no, at me maatte stige ut.
Men endaa var det eit Par Minuttar att upp til
Kyrkjegarden.
«Ein skulde verkeleg maatte segja,» tok eg fram-i,
daa me var utkomne, «at her kviler ein Mann som gjekk
til Grunns, som — naa, stutt og beint: som døydde av
aa vera paa den galne Sida?»
«Det kann me vel ikkje segja. Han hadde kunna slegi
seg igjenom so vel som nokon av oss, naar han berre
hadde bruka Umtanke.»
«Men naar me tek Mannen som han var, meiner eg.»
Kjenningen min drog ein Gong til paa Aksline. «Ein
kann aldri segja slikt,» sagde han. «Gjeng ein Mann til
Grunns, so fær ein segja at Vaarherre hev teki’n.»
«Ja den Mannen er god aa skulde paa,» murra eg. —
— Ved Inngangen til Sofienberg Kyrkjegard stend det
ei liti Laann av Tre med ein Kross paa. Der gjekk me
inn. For denne Laanni er Gravkapell der paa Staden.
Den fatige svarte Kista stod paa eit Par laage
Skamlar um Lag midt for Inngangen. Ho var prydd med
Kransar og med Band i norske Fargar; vent prydd.
270
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>