- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
273

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Andlite hans som laag der inne, og Munnen, den vesle
bleike, lineskarpe Munnen; og eg tykte Munnen bivra
so smaatt, og at Lippune, dei fine, snøgt speande
Lip-pune, drog seg upp til ei Myling. —

— «Amen,» sagde Presten.

So kom Klokkaren med ei liti Kasse som var fyllt med
Jord, og ein litin nett Spade. Med denne sist nemnde
Tingen i Handi snudde Presten seg fraa den Kista han
hadde tala yvi og til dei tvo smaae Kistune som han
ikkje hadde tala yvi, og kasta Jord paa desse. Kasta
Jord paa deim som dei der stod. «Af Jord er du
kommen; til Jord skal du blive; af Jorden skal du igjen
opstaa» ; og so det same upp att.

Eg lika dette; det var praktisk; det sparde Tid. Eg
var daa au tolleg trygg paa, at desse tvo Fatig-Ungane
som vart greidde paa denne Maaten, dei vilde stande
upp att paa den ytste Dagen likso gladeleg som nokon
av oss andre, um no me etter all Von vilde døy i so vidt
Velstand, at me kunde koma aat Jordi utan Avkorting
i Skikkane.

No snudde Presten seg hit til vaar Kiste at. Eit Vers
vart sungi. Fire Mann kom fram og stelte seg upp
attmed Kista, tvo ved Hovude og tvo ved Føtane.
Fyri-gangsmennane stelte seg upp framfyri Kista med sine
svarte Likferdsstavar. Desse Stavane var ikkje so
staselege som dei paa Vaar Frelsars Gravlund; men det gjekk
for det same. Det vart gjevi eit Teikn, og Ferdi sette
seg i Gonge. Av rimelege Grunnar var der ikkje noko
ein kunde kalle Rang-Skipnad i Ferdi; eg trur at dei
gjekk fyrst som hadde kvitt Skjegg.

Upp-i Kyrkjetörne tok Klokkune til aa ringje,
ved-kjømelegt og mjukt i litin Ters. Det var ikkje lang
Vegen. Nokre Stig nordanum Kapelle hadde dei funni
Rom til Vénen vaar. Eit heller trongt Rom var det;

273

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0275.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free