- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
274

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

men han turvte det ikkje stort. Han hadde alltid vori
litin og mager.

Gravi hans laag tett innmed nokre andre, som nett
var so vidt tilkasta. Ein fekk den Tanken, at Kistune
der nede maatte staa tett innpaa kvarandre, som paa eit
anna Upplag. Men kva gjorde det for deim som i laag?

Paa den rett store Høgdi som hadde laga seg ved
denne Samanstiming av Gravir krabba
Fyrigangsmen-nane vaare seg med synleg Møde upp. So kom Kista,
svinglande og svivande som ein Baat i Sjøgang. Etter
Kista kom Klokkaren; so Presten som vart hjelpt av
Klokkaren; so Kyrkje-Songkore, og sist dei av oss som
hadde kvitt Skjegg. Alle fiktande og strævande med aa
vinne seg upp, og med aa halde seg uppe. Det vart Sjø,
og heller strid Sjø, for Vénen vaar alt til Slutten.

Men so var daa dette ög den siste Vansken han hadde
aa vinne yvi paa Ferdi si. Kista vart fird ned paa
Grav-botnen; der stod ho stødt. Og no skulde han ikkje lenger.

Kyrkje-Songkore, tri Mann høgt, song tri-røystugt
det fyrste Verse av «Hvo ved hvor nær mig er min
Ende». Dei song med halvt attlatin Munn; og Tenoren
var sped og Basen veik; men Millomrøysti var sterk
og tuta i Einingi paa Dominanten. So kasta Presten dei
tri Spadane Jord paa Kista og tiltala den daude etter
Rituale. Me andre var med i Høgtidi paa den Maaten,
at me fleire Gongir tok Hattane vaare av oss og heldt
deim for Augo; eg veit ikkje um nokon av oss visste,
kvifor me gjorde det. Eit lite Stykke ifraa Flokken og
Gravi stod tvo unge Kvende; den eine av deim studde.
seg upp til den andre og grét saart. —

— Der laag han. Han hadde ikkj fengi sét noko av
den Framtidi han hadde drøymt um; men han var
fer-dug. For sitt eigi Liv var han vortin ille snytt. Men
kva var her aa segja? Her var inkje aa segja.

274

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0276.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free