Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Aarsfesten i Ungdomslage.
I Grannen er Tilstandi her i Norig skipa paa beste
Maate fraa gamalt av, so at alt kunde gaa godt, berre
me sjølve var som me skulde vera.
Men det er me ikkje alltid; og so hender det at Verdi
tek til aa gaa skakt for oss.
Daa vert det funni paa Aatgjerdir. Ein vyrd Penn
skriv i «Morgenbladet»; nokre vyrde Mennar sender ut
eit Upp-Rop; eit Møte vert haldi, og det vert skipa eit
Lag. Paa Guds Ords Grunn vert det skipa, og i
kristeleg Ande; og Hs. Maj. Kongen er den høge Lags-Vorden.
Sidan verkar Lage stillsamt til Velsigning; og Verdi
gjeng skakt som fyrr.
Millom anna hev dei gaatt etter, at det ikkje alltid
gjeng som det skal med Ungkarane; dei kjem paa
Vill-vegar stundom. So hev dei stelt til Trygde-Lag aat
Ungkarane. Der er Unggut-Lage, og der er kristelegt
Samlag for Gutar, og der er Skipingar og Semjingar
med andre Namn. Alle desse Lagi verkar stillsamt til
Velsigning; og Ungkarane kjem paaVill-Vegar som fyrr.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>