- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
277

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

meinte at eg burde slaa Lag med deim. Eg vilde hava
Hugnad av det, sagde han. Tyrolaren tagde og syntest
dermed aa samtykkje. Eg var ikkje uhuga til aa høyre
paa denne Véne-Raadi; det evangeliske Ungdomslage
kunde visst nett-upp høve for meg no.

Eg var nyleg komin hit til den store Byen; og eg galdt
for aa vera det eg var: svært lite grunnfest. Anden
hadde nok so smaatt teki til aa arbeide med meg; det
kunde ein med Takk til Gud segja; men retteleg og i
Grunnen stod min Hug og Tanke til Verdi enno; og
serleg hadde Djevelen fengi eit stygt Tak paa meg
gje-nom Teatre.

Der vanka eg altfor tidt. Og eg kunde sitja upp-aa
Attanskillingen, eller um det kneip paa Tolvskillingen,
og tenkje med meg sjølv, mest paa Graaten av Trass,
at um det førde til Helvite aa gaa paa Teatre, so vilde
eg gaa paa Teatre endaa.

Eg skyna nok, at soleis kunde det ikkje halde paa.
Fyrr eller sidan laut eg vende meg um fraa
Vildre-Vegane mine. Eg visste at Gleda i Verdi ikkje kunde
gjeva Sjæli mi Fred; det hadde eg alt mest røynt;
dessutan var det altfor vaaglegt, ræddast eg, aa gaa soleis
og lite paa Langmode hjaa Vaarherre. Etter den tunge
Livstraaden hekk eg og dingla yvi Helvit-Djuve; Traaden
kunde slitne kva Stund som helst. Og daa var
Leiken ute.

Men eg var ikkje soleis laga at eg kunde verte frelst
paa vanleg Vis. Lovi beit ikkje paa meg; og daa kunde
ikkje Evangelie heller faa hjelpe. Laus og ustød var eg
baade i Sjæl og Sinn; Hél-Rædsla vilde aldri rett faa
Magt i meg; og kva kunde det hjelpe at eg vedkjendest
Syndine mine, naar eg ikkje angra, og daa visst ikkje
hata deim? — for det gjorde eg ikkje. Mi store
Hovud-synd, det brötslege Samlive med Inga Grønelid, elska eg

18 — Garborg VII.

277

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0279.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free