- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
280

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

no ikkje plent skrive so mykje um slike mindre vigtige
Ting.» Eg tok Trøyst av dette; ein turvte daa
Gud-skje-Lov ikkje reint gjeva upp Retten til aa hava ei Meining,
um ein var eit Gudsbarn. Tyrolaren saag paa Klokka si
og reis upp. «Man muss sich drappieren,» sa han, og
gav seg smaatt og jamt til aa stelle seg.

Og han kunde stelle seg, Tyrolaren. Det tok Tid
men so vart der noko av det au; han vart fin, naar
han gjorde seg fyri. Til dette hjelpte mykje dei svarte
Kisteklædi som han aatte; og dei skulde han hava paa
seg i Dag, saag eg. Det gjorde sitt til aa setja meg i
Aalvors-Lag.

Ei Stund etter strekte Moen seg. So saag han paa
Klokka si og reis upp av Stolen. Paa sin stillmælte
Maate lét han um, at det nok var sant at det var paa
Tidi no aa tenkje paa aa ferde seg. Han vabba i
mak-lege Huskjole-Stig burt aat Omnen; sette Pipa fraa seg
og sputta; Pipa hadde nok vori sur. Snudd so halvt til
meg, men med Augo like sælt ut gjenom alle Vindaugo,
sagde han: «korleis er det; trur du du vert med?» Eg
tok meg paa Tak. «I Dag var Naadens Tid»; ein Gong
laut ein gjera Aalvor av det. Og med eit stilt Velfar til
Maria Stuart i Skotland svara eg: «ja; eg tenkjer...
eg tenkjer eg vert med, ja.» — «Det var gildt, det,»
sagde Moen og tok til aa draga av seg Huskjolen. —

— Festen skulde byrja i Bønehuse i Hausmannsgata
Klokka 5; Pastor Hermansen skulde opne. For meg
som ikkje hadde anna Ferda-Stell enn aa taka paa meg
Hatten, var der god Tid. Eg vart sitjande; og djupt
inne i Sjæli mi heldt eg enno ein Gong Upptal yvi dei
Grunnane som det kunde vera til aa heller gaa paa
Teatre. Naar Sanningi skulde upp, so var det dit eg helst
vilde; og i Dag hadde eg Skillingar au. Men det var
ingin av Grunnane mine som heilt vilde rekkje til; og daa

280

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0282.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free