Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
visst var det ingin som Moen vilde godtaka. Og
Tyrolaren, — med sine haale brune Augo vilde han sjaa tvert
igjenom meg med ein Gong.
Endeleg var dei ferduge. Det var svært som dei skulde
vera fine i Dag baae tvo; Moen kåsta seg, han med, og
det heiltupp paa Aalvor. Daa eg saag dette, vakna
Sam-vite mitt. Eg fekk daa sjaa ut som eg stelte meg, eg
au; eg reis upp og fekk Tak paa Kåsten. Og so var det
Hatten daa. Kor i Verdi hadde eg gjort av Hatten?
Tenk, um eg ikkje fann den.
Aa jau daa. Der kom Tyrolaren med ’n; han hadde
funni ’n paa Golve burt-med Kommoden. Stødt skulde
han vera so glup til aa finne altslag, den Tyrolaren...
naah. Eg kosta baade Hatten og Klædi.
Dermed gjekk me. —
— Det var straalande Sümar- og Sundagsvér; Soli
laag ned i Vest-Himilen og kvitglødde. I Nord, yvi
Gref-sen-Aasen, var der ein litin ljosgraa vaatvorin Moe som
lova Regn; Tyrolaren vilde vera trygg og sprang upp-att
etter Regnhatten.
Ljosgrøne og ungmøyfriske stod Tréi med sitt
ny-sprottne Lauv. Gras og gule Blomar arbeidde seg i heit
Livshug upp av den leirute Jordi. Det surra og surra av
alskyns Smaa-Liv som sveiv ikring og hadde annvint
og skulde drive paa og vera til med’ Soli var sterk; og
Fivreld i ljose Litir, djupt liljekvite, varmt rjomegule,
vingla um millom Blomane mest vel so vene som dei.
Ute paa Gata var det dumbut; Soli var heller heit.
Men all Stad var Folk paa Ferd og kvar Stundi fekk me
Minningar um denne Verdi og hennar Hugnad. Smaae
gladvære Lag av Kvende og Karar kom gangande og
køyrande fraa Mark og Skog; alltid Kvende og Karar i
Lag; alltid Laatt og Skjemt; alltid ljose Klædningar,
Blomar, Lauv, Lettlynde. Aa, um dei visste kva som
281
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>