Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Tid, i Arbeid og ikkje minst i Kvilestundine, kunde vera
trygda mot denne Verdi med hennar Freistingar og
Faarar; maatte me endeleg faa Naade til aa halde denne
Festen i Jesu Namn.
Dermed gjekk han yvi til Dagslista. Han gav ei
Yvi-syn yvi det som var gjort i Lage serleg i det siste Aare;
og her fekk han Tilføre til aa leggje ut noko meir um
det fagre Fyrimaale som Lage hadde. Han tala vent
Bergensdanskt.
Byen tek til aa verte stor no, sagde han; og det vonde
trengde seg inn fraa alle Kantar. Syndi laag aa kalle
paa Lur ved Gatehyrno; serleg faarefullt var det for
dei unge som kom inn fraa Smaabyane eller fraa Lande,
og som daa skulde vandre sin Veg aaleine i den store
Byen utan den Hjelp som jamvel den uvandaste Heimen
kunde gjeva. Difyri hadde Gud gjevi nokre krist-lynde
og for Folkebaten hugvarme Mennar den Tanken aa
skipa slikt eit Lag, der dei unge kunde ty seg av i ledige
Stundir, og verte vel mot-tekne, og faa Raad og
Rett-leiding, og finne Felagar og stundom høyre eit Gudsord;
i det heile eit Lag som kunde vera som ein Heim for
deim, og tryggje deim so mykje som Raad var mot den
store Byen med alle hans Freistingar og Faarar. Det
var nok so, at Lage ikkje kunde gjera noko stort
Arbeid; syrgjeleg mange var dei som helst vandra sine
eigne Vegar og liksom den burtkomne Sonen øydde si
Eign i Ulivnad, til dess dei, som han, laut eta Skolmir
med Svinom. Men »naar me saag attyvi paa det som her
i Lage var gjort, baade i det heile og serskilt i det Aare
som no var gjengi, so torde me likevel med Takk til
Gud segja, at dette Lage, ved Herrens Miskunn, hadde
verka — um stilt og i Veikleik, so endaa til Velsigning.
Presten slutta med ei stutt Bøn. Maatte me lære aa
kjenne oss sjølve og vaar eigin Veikskap; maatte me
288
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>