- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
289

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

lære aa taka Herren med oss i all vaar Ferd; maatte
han serleg i sin Naade verja dei unge Gutane mot
Freistingane og Faarane i den store Byen.

Bleik og fager, råk som eit Ljos, stod han der uppe,
den att-knappa Mannen, og bad. Andlite var vendt
upp-etter, med Augo som saag lidande ut; dei samanlagde
Hendane laag kvilande framfyri ’n paa Stolen. Ute
rignde det. Lett og mjukt fall dei smaae Dropane mot
Glasi; det var som eit stilt Svar der ovanfraa, ein
Lovnad um Grøde og Signing. Han sagde Amen i Jesu
Namn og steig ned.

Song-Lage kvad i:

«Gud sign vor Konge god.
giv ham i Farer Mod,
giv ham din Fred.
Giv du ham vise Raad,
styrk ham i al hans Daad,
styrt Svig og Ondskab kaad
i Støvet ned!»

Noko uventande totte eg dette kom.

Men det var ikkje Meiningi at ein i dette Lage berre
skulde fara med gudelege Ting; menneskjelege Hugmaal
skulde ein og dyrke. Ja der var ikkje noko
menneskje-legt som skulde vera Lage uvedkomande; berre Politik
var utestengd for Fredens Skuld.

Etter Kongesongen vart det stilt litegrand. So kom
Songlage paa nytt:

«I Jesu Navn

skal al vor Gjerning ske,

om det skal komme os til noget Gavn,

endes ei med Spot og Ve.»

289

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0291.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free