Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
tie Minuttar. Eller kannhende tolv; i det aira høgste
trettan...
Aldri i Verdi vart han ferdug paa tri—fire Minuttar.
Kva skulde ein gjera? Kunde ein ikkje gaa sin Veg?
Kverve burt reint stilt?
Eg saag ned-yvi det lange Golve og gav upp den
Tanken. Her var uhuglegt opi og tomt; kvart Auga vilde
sjaa meg.
Daa visst var det ikkje tenkjande paa aa gaa aaleine.
Eg mynstra mine Felagar; enn um dei likevel ikkje
var Guds Born? Daa visst Tyrolaren? Og jamvel um
han var Guds Barn, so hadde han daa Dømekraft; han
maatte kunna bli leid... Men baae Felagane mine stod
med Hovudi bøygde, innsvævde i djup Ettertanke.
Likevel kunde eg ikkje reint gjeva upp Tyrolaren.
Han hadde ender og Gong ein Dragnad ved Augo som
gav meg noko som ei Von; berre uppbygd kjende
han seg visst ikkje. Eg støytte’n paa Aalbogen: «skal
me gaa?»
Han saag forstøkt paa meg; svara visst i Grunnen
ikkje. Der var eit Drag um Munnen hans som eg tydde
so, at han for sin eigin Part ikkje kunde hava so mykje
imot aa fylgje meg; men eg kunde og sjaa, at han hadde
sett seg fast fyri aa vera ulasteleg til Slutten.
Det galdt ikkje so mykje for meg um aa vera
ulasteleg. Eg langstirde etter Døri; tru ein ikkje likevel
kunde —? Naar alt kom ihop, so var her mest ingin
som kjende meg.
Men Golve var ille tomt. Og dei der upp-ved
Talarstolen hadde slikt eit syrgjelegt godt Yvisyn. Kvi var
ikkje dei Benkine der nede sette upp so at dei kunde
gjeva eit Grand Livd ...
Det var raadlaust. Eg gav upp Voni for aira siste
Gongen. Men det var endaa nokre Minuttar att. Kann-
296
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>