Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Guds Gaavur og Gjerningar i det timelege, i det
verdslege?
Eg ynskte ’n godt og vel ute. Men Gud vere Lov;
der var ikkje ein i denne Samlingi som hadde eit Ord aa
segja oss.
Daa tok han Orde sjølv.
Han totte visst at ei Framføring av noko meir
verds-legt no kunde høve, og tok til aa fortelja um Tilstandi i
London. London var ein stor By, den med; og
Freistingane og Faarane var mykje større der enn i
Kristiania. Men so var det daa og der ved Guds Naade eit
Frelse- og Bergingsarbeid i Gang som me ikkje kunde
nok undre oss yvi. Allstad der Satan hadde sine Tempel,
der hadde og Herren sine Kapell; ja Guds Ord vart bödi
fram paa dei utrulegaste Stadir og paa dei utrulegaste
Maatar...
Eg stod med Klokka i Handi; eg talde Minutane; gjev
han no snart kom til Slutnadbøni; for sjølvsagt skulde
me hava ein Salme der-etter att; og eg turvte, i
Aal-vors Tale, minst tie Minuttar.
Men Presten Hermansen slutta utan noko vidare Bøn.
Og det var det same som at me skulde hava Sluttbøn
serskilt.
Eg freista paa aa vone at denne Bøni vilde bli stutt.
Men so visste det seg, at det var Emissær Bølle som no
skulde tala.
Emissær Bølle var ein kraftfull storbygd Skapnad med
eit svært brunt Skjegg; han skulde hava svære
Tale-gaavur au, dessverre.
«Etter som Tidi alt er heller langt framskridi,» tok
Bølle i med veikt Mæle, «so vil me no til Slutning samle
oss i ei kort Bøn.»
Ja det er lett aa lova, tenkte eg arg; det var att berre
295
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>