- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
301

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Aar. Eg laag paa ein A a-Kant... me budde paa Lande
daa ... og hivde Stein ut i Vatne. Der var fullt av...
Aure-Kjøu inn med Land. Heile Flokkar stod der og
gapte og glodde i det varme Vatne. Eg hadde Moro av
aa — hm — ’kræme dei. Men kor det bar til, hm: eit
Grand etterpaa... laag eg sjølv der ned-i Vatne. Og
eg totte det var godt... aa liggje der. Hm. Eg ... laag
paa Ryggen; glodde beint upp i Himilen-hm; som
gjenom eit blaatt Slør. Men det var so blankt; og blaatt.
Og Ljose der uppe, hm; fælt vent, totte eg.

«Det vart meir og meir... lett ikring meg; og meir
og meir ... ljozt. Og mjukt. Kvit Glanz. Og lett...
liksom eg laag i Luft, kvilde i Luft; mjuk, lett Luft...
mild, blank, uendeleg klaar; ingin annan Ting i Verdi
... vilde eg enn ... liggje der og kvile. Hm.»

«Aa! som det maa ha vori rart!»

«Hm. Uendeleg vidt saag eg, upp og ut... berre
de-mantblaa Himil... som kvitna burt i... Ljoz; kvitt,
kvitt, hm. Dirrande, gidrande kvitt Ljos, tett, tett...
so heile Verdi vart til lysande kvit Taake. Eit endelaust
Hav; Sky-Hav... av Luft og Ljos. Og midt i dette
Sky-Have laag eg og kvilde. Fælt godt.»

Han kremta og tok seg ein Slurk av Vatsglase som
han hadde standande paa det vesle Borde attmed Stolen
sin; og eg, som sat der orventin og mest skalv av
Spaning, saag paa Augo hans at han tok til aa livne upp.

«Men var det ikkje vondt aa ikkje faa ande ?» spurde
eg...

Han riste paa Hovude.

«Berre godt; berre godt. Eg kjende kje det. Var berre
so lett. Hm. Men inn-i denne kvite, klaare Ljos-Skodda
... tøygde det seg lange, lette Skuggar av grønt og
brunt; Halvskuggar; grøne Blokkur, lange brune
Grei-nir og Stylkir; reint tropiskt, hm; ein Skog med Palme-

301

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0303.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free