- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
317

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fegre, ai du stend som tryllt og trur du er komin i ein
annan Heim. Aldri saag du so klaar ein Sjø spegle so
ven ei Verd med so mjuk ein Glans i so lint eit Ljos;
kann det vera Jordi, dette? —

— Men Dagen voks og Ljos-Tonen steig. Fleire og
fleire Litir kom til; det var som ein Toneleik med fleire
og fleire Røystir og Spél, — til dess alt samlar seg i
allmegtig Samklang: Soli er uppe, og ein kvit Orkan
av Ljos fyller Himilen og Heimen.

Og Verdi stend som nyskapt.

Det er ein Augneblink daa alt tagnar; Fuglane
hugsar seg ikkje; Rev og Bjønn stend tumsa og tryllt, og
Haren stanar i Sprange. Verdi gløymer seg sjølv
fram-fyri dette Aal-Velde; det er som ho i Morgonglansen,
inn-under Solkruna, hadde sét ein Skimt av Gud.

Men etter dette Fest-Spél og Himilens Under tek
Arbeidsdagen til, den tunge og den lange.

*



Me rusla fram gjenom Lidine; og Soli vermde meir
enn eg totte godt gjorde.

Og Flye aat og Mye stakk. Men Flugo kom surrande
og stangande inn mot Øyro og Kinn, upp-att og upp-att
utan Stans og Ende.

Litegrand svevntrøytte var me vel med. I Vissa eg
daa. Hovude møddest; Føtane trøytna; Skreppa tyngde
um Aksline meir og meir.

Dyrsjøaas-Lidine var lange. Og det var som dei
tøygde og tøygde seg di varmare det vart. Skogen var
tunn og smaa; det var Fjellbjørk og her og der ei Krøkle
av ei Toll; her var mest skuggelaust. Soli kvitglødde
paa Himilen som ein gloande Omn. Det osa av Stein og
Jord og eima av Tre og Runnar.

Lufti var som eit lumrande Laug. Heite Angar av

317

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0319.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free