- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
318

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

alle Slag. Daam av Eine og Vier og fin Fjellblom, av
Myrmose og Lyng, av harpiksfeit Furu og ung, søt
Bjørk og av solsteikte Sætervangar og Vollar, steig og
blanda seg og dreiv som ein Moe fram-e’tter Lidine. Det
var so sterkt at det gjekk aat Hovude; eg vart ørskin
av det og tung.

«Aah!» ropa Olaguten og skok seg; «Fjell-Luft er
Fjell-Luft, um ho so var gloande!» — han saug ho i
seg i djupe Drag. Eg var ikkje med paa dette. Eg
murra; denne Fjell-Lufti som skulde vera so frisk, det
var vel au Æventyr? «Hm-hm; hm!»

Olaguten saag paa meg og smaamylte. «Er du lat?»
sa han. «Det gjev seg, naar du fær Sveiten ut.» Eg lika
ikkje at han var so kry; svara ikkje Orde.

Men det gjekk som han hadde sagt; daa Sveiten kom,
gjekk det lettare. Det var ikkje denne vaate tunge
Sveiten som klisser og kliner og gjer deg vesall og arm,
slik som den me kjenner fraa Byar og Dalgrytur; han
hoppa ’fraa Panna i lette Dropar som Hagl; eg vart
ledug og frisk, so eg kunde ha dansa.

Snart var me fram-paa Brekka. Der ned-under tøygde
Dyrsjøen seg blank og frisk millom Smaaholmar og
Nes. Og no tok det til aa guste og blaase. Aa! so friskt
og godt. Jau; Olaguten hadde Rett; Fjell-Luft var
Fjell-Luft. Her maatte ein kunna liva æveleg!

Yvi Fjelli burtanum Sjøen myrkna det; Skyir drog
upp: Gudskjelov; ei Regnskur no, — eg kjende kor
godt ho vilde gjera. Me sette ned Lidi med nytt Mod.
Ein halv Time etter var me ved dei øvste Bøane.

Her stod Jordine og ropa etter Regn; Soli hadde
steikt deim kvite. «Berre ikkje Regne kjem for seint
no,» sagde eg.

«Aa nei,» meinte Olaguten. «Er det gamle Grase
av-brent, so skyt der snart upp nytt.»

318

*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0320.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free