Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
det aldri her. Nei san! Men kåss det skulde gaa med
den Ungdomen som no voks til, og som meir og meir
misste Arbeidshugen, det skyna ikkje han, naar han
skulde segja si Meining. Det var alt stor Skilnad aa
sjaa. Dei som tok det paa den gamle Maaten, og
arbeidde med Hug, og stelte og stræva tidleg og seint,
og passa paa, og heldt alt i Stand, og sette si Løn i det
og ikkje i Kaffi og Finbrød, — daa kom Vinningi
liksom attpaa, og som ei Gudsens Signing; og dei heldt
seg uppe i det lengste, endaa so fort som Skattane voks.
«Men alle desse no for Tidi, som berre slit for Vinningi
og bannar Arbeide, kva skal der verte av sovori. Det
veks ikkje etter Arbeid som med Uhug er gjort. Nei
sant! Og so fær dei ikkje Vinningi heller. Og um det
raakar til med eit godt Aar eller tvo, so gjeng det
snarare enn det kjem, til Brennevin og Stas og alt det som
dei daa skal søkje sin Hugnad i, naar dei ikkje hev
Hugnad til Arbeide.»
«Nei!» sette han i; han var komin i eit heilt Egse;
«skal det bli paa den Maaten uppetter Dalane her, so
vert det snart ikkje livande! Og daa kann Fantane ta
heile Herlegheda. He-he. Ja du hev kje gjengi fraa
Jæren til Sirdalen og ikkje treft Fantar? Dei raar seg
fritt her, dei; rekkjer att og fram liksom Smalen. Og
Folke, stakkar, som bur kvar for seg og inkje Forsvar
hev, maa berre halde seg til Véns med Fanten, og svara
han Skatt, Toll og Tiend som ein annan Konge. He, he!
Ja sant. Og so er det Storfanten daa, som syg og gneg
paa Bonden fraa sin Kant. Latinarane, som Jaabæk
kallar deim. Ja du held vel med Jaabæk? — du hev
vel alltid so mykje Vit?»
Aa betre meg; han var Jaabækianar. Og no var han
komin innpaa Politiken. «Ja far vel daa ...»
Men han slog Klöi i Kuftekragen min og dreiv paa.
333
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>