- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
334

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Latinarane var dei verste. «D’er kje berre det at dei
syg og gneg paa Bonden justsom Iglar; det verste er
at dei narrar denne stakkars Ungdomen til aa tru, at
det me skal her i Verdi, det er aa sidja i ein
Pude-stol og patte paa ei Pibe; eg hev nok sét av det, maa
du tru... Nei bia no! Det var det eg skulde spurt:
koss er det med Smalaprisane der burt i Stavanger?
Ja eg spyrr; for eg skynar daa so mykje, at eg ser du
er Handlar.»

Eg sagde at eg var Student. «Latinar, Farr min?»
Daa lo han; og det vesle blanke Auga hans blinka
listigt og lystigt. «Ja den Jærbuen; han er no so
ud-kröbin og lur. He, he, he, he!» Han lo so eg slapp
fraa ’n. Det siste eg høyrde var: «Du lyt studere til
Prokerattar daa!»

Etter dette kjende eg meg ikkje trygg, fyrr eg var
komin yvi Sira-Aai og paa Fjellstig att. Daa lauga eg
meg og heldt Dugurd paa min siste Pølsebite; kveikte
so Pipa og kvilde. Og Soli vermde og Sira song. Daa
var det godt aa vera til. Ja; Fjelle hev sine
Høgtids-stundir. Det er so det kann kvile i meg, berre eg
minnest det.

— Fjellstigen svinga fort upp gjenom Lidi; snart
gjekk eg midt upp-i ei stor Urd. Her var gildt. Paa
Vinstrehandi Sira i roleg Straum; paa den andre Sida
Bergufsi rett upp; blaae Urdi fram so langt eg kunde
sjaa; og her og der i Solkræane Bjørkekratl eller store
raudnande Hjupeklungar. Eit lite Vindblakr svala i
Lufti, og yvi Fjellaasane i Nord tok det til aa skyast.

Stigen var smal men greid; upp og ned og ut og inn
millom Steinar og store Urd-Hol slengde han seg med
listig Kunst; her og der maatte Folkemagt ha vori aat
med ’n; men det var tydelegt at Geiti, etter Vinjes Ord,
hadde vori fyrste Vegmeistaren. Og meir og meirgeite-

334

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0336.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free