Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Til svara Turid,
ho vart so heit i Kinn:
Kvila er reidd, men aldri for deg;
no ventar eg Guten min!
Hei! Brullaup til Mikilsmess.
Og Olav fraa Brurebraat
han var no like sæl.
Gjekk etter Rein paa høgaste Fjell;
der slo han seg ihel.
Hei! Bryllaup til Mikilsmess.
U fager.
Vaarherre veit kvi han Livsdag gav meg;
dei held daa alle so lite av meg.
Vaarherre veit kvi eg Liv skuld’ faa;
d’er lite nok dei meg idest sjaa.
Naar Signe kjem vert det Leik og Gaman,
og glade Gutane dreg seg saman.
Kjem eg aaleine og sét meg ned —:
«men snilde deg, er kje Signe med?»
Paa Kyrkjevegen gjeng glade Flokkar;
eg tidast eine den Stigen traakkar.
Framum meg stryk dei i store Lag:
«ho Signe kjem no vel og i Dag?»
Kaldt er kvart Auga som mot- meg vender;
paa Signe ser dei og Augo brenner.
Til Signe smiler dei varmt og kjært;
sjaa blidt paa meg, det var aldri verdt.
359
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>