Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Han reiste seg upp og han seig ihop;
det skreik og det skar i hans Sjæl;
han saag ikkje Utveg; han saag ikkje Raad;
han vart galin; han kjende det vel.
Paa Kniven han stirde; so blank den skein,
so roleg, so rein, so god;
han skalv; han beit sine Tennar ihop ...
og so spratt det, hans unge Blod.
Det kvisla og risla, det gaus og rann;
han laag der valin og kvit;
torde kje tenkje, torde kje sjaa;
det stod stilt baade Hugs og Vit.
Daa kjende han Dauden sigande seint
som ei Skodd um Hjarta hans inn ...
fram valt som eit Uvér, eit rullande Hav
av Rædsle og Natt i hans Sinn.
Han lyfte seg kvit paa skjelvande Arm;
Augo stod stive og store:
«Herre Gud Fader i Himilrik’,
kva var det, kva var det eg gjorde?»
Han seig ned-yvi si valne Hand:
«kva hev eg Usæling gjort?
Enno var Live mitt sterkt og ungt;
det skulde vaksi seg stort» ...
Til Bringa treiv han seg kald og rædd;
han vilde stogge sitt Blod;
«hjelp meg, hjelp meg... du hjelpe meg, Gud!
eg kann ikkje døy burt no» ...
363
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>