- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
364

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Augo dimdest; Munnen vart blaa;
han skalv i siste Naud;
so seig han i Golve stiv og tung,
rette seg ut og var daud.

Manndom.

Her stend me paa ei Øydeheid;
Skodda driv kald ikring.
Og ikkje veit me Veg hell Leid
hell nokon Verdsens Ting.
Men liggje her og frjose burt,
det var no meir enn Skam;
og difor, veit me enn kje stort,
me veit at me maa fram.

Me veit at som me stend i Dag,

me hev det ikkje godt.

Her vantar mest av alle Slag,

og her er surt og raatt.

D’er vitlaust slaa seg her til Ro

ikring sin siste Dram;

vel tyngjer Byrd og klember Sko;

men, kjære, me maa fram.

Det vert visst tungfør Ferdabolk;
Vegen er lang og stygg.
Men at me ein Gong kjem til Folk,
paa den Ting er eg trygg.
Fraa Høghei ber det ned i Lid;
der leikar Bukk og Lamb;
so naar me Bygdi ljos og frid,
naar berre me held fram.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0366.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free