Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Me fekk det høgt og fritt,
me fekk det vent og vidt
med Hav og Fjell.
Det stend so trygt og godt,
det stend so reint og blaatt
rett som eit Gudeslott
med Solskins-Tjeld.
Det er vaar Elsk paa Jord,
det er vaart beste Ord,
vaar Trivd og Trygd.
Storfrægdarmenn dei var
som fram til oss det bar;
det er vaar Ættargard
til Fridom bygd.
Stort Arbeid ned er lagt
til Landsens Fred og Magt
fraa Tid til Tid.
Det kosta tusund Aar
i Kav fraa Vaar til Vaar,
i Strid so tung og saar,
fyrr me vart fri.
Her ligg dei Grav i Grav
fraa Hei og ned i Hav
som stridde so.
Gud sign’ kvar ærleg Svein
som søv der under Stein;
Gud sign’ deim kvar og ein,
der dei er no.
Men Lande dei hev rudt,
det vil me verja trutt
til siste Stund.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>