Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ja dette var vel Meiningi med Live mitt:
at 111 Røynd
skulde gjera meg til Lærar for andre
og til ein Vegvisar.
Og eg vitna for mine Brørar,
dei unge som enno stod frie:
ver kloke! sagde eg;
tru ikkje Live!
Det er ei Synkverving;
Det gjev seg ut for alt som det ikkje er.
Det me flyg galne etter er Daarskap,
Vette-Ljos som lokkar oss ut paa Myri;
og naar me ligg der og søkk
og ikkje kann vinne oss upp att,
so glid dei fraa oss og flirer.
Daa lo dei unge.
Og dei blunka til kvarandre og sagde:
desse gamle, stakkar,
kva veit dei um Live som hev gløymt det?
Dette vart ein Skuletime.
Den stridaste:
mi siste Von var broti.
Men no forstod eg alt.
Ung kann ikkje lære av gamall.
Kunde han det vart han gamall sjølv
og vaaga seg ikkje paa Live;
men berre den som vaagar kann vinne.
Difor er det lagt Mein millom gamall og ung,
at dei ikkje skal skyna kvarandre.
Kvar sitt Maal talar dei
som stend paa kvar si Side av Gaata,
387
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>