- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
388

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

den kvar for seg maa løyse
med Livs Faare og Von.
Og ikkje du, men eg, sagde 111 Røynd,
er sett til aa vera Lærar for dei unge;
du skal vera nøgd naar du kjenner,
at du kan vera Lærar for deg sjølv.

Eg tagna.

Ei stor Modløyse lagde seg yvi meg.

Men der var Ro i Modløysa.

Nye Tankar kom,

meir stille enn dei gamle.

Det er det vel, det gjeld um:

lære aa vera Lærar for seg sjølv.

Eit stort Tolmod fekk Magt i meg.

Og eg smiler no,

naar eg ser all denne unge Hast

med aa snu Verdi.

Det er ikkje greidt for dei unge;

dei hev so langt fram;

og der er so mykje Tull

dei skal igjenom.

Naar dei kjem og talar um Live

og vil lære meg kva Live er,

daa maa eg læ;

og eg blunkar til mine Jamnaldringar

og segjer: desse unge, stakkar,

kva veit dei um Live som ikkje hev livt det?

Men djupast i mitt Hjarta ynskjer eg:
gjev dei hadde Ungdom nok.
For med vaar Ungdom er det
at me skal kaupe Visdom.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0390.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free