- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
7

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det var Victor Hugo som var Skuld i det fraa fyrst av.

Han døydde aatte Dagar for seint; og eg maatte
sjaa Likferdi. Det vart drjugt aa liggje so lengi her i
Paris; men eg tenkte som eg plar tenkje: det jamnar
seg vel, og gjorde som eg plar gjera: lét det skure.

Likferdi saag eg, og den var stor; ingin Konge hev
fengi Maken. Og dette var berre ein Skald. Men
Fransk-mennane meinte som so: Mannen hev gjort Lande Ære
og skal daa au hava Ære av Lande.

I veldig Likferd vart han førd fraa den store
Triumfbogen til Minnetemplet for Frankrikes Største:
Pan-theon; der kvilde han no, so trygg mot Gløymsla som
Menneskje kunde vera.

— Same Dags Kvelden hadde eg tenkt aa koma av
stad. Men aa bli ferdug med Paris er ikkje lett; det
viste seg, at eg ikkje vilde kunna reise fyrr i Morgo
Ettermiddag med 3-Toget.

Naa; dess meir fekk eg drive paa. Det hasta no;
langt var det lidi, og Skillingane minka; eg fekk nytte
Tidi som eg kunde best og fara beinaste Vegen.

Eg sov godt ut um Morgonen; det vart nok ikkje for
mykje Sove-Ro dei Dagane eg no hadde i Ventom. Og
at det var lenge til Klokka 3, det visste eg heimanfraa.
Derifraa visste eg og, at naar eg tok Vognmann, so
skulde eg snart vera paa Stasjonen.

7

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free