Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
til ein By der eg ikkje kjende ein Kryp, og ikkje visste
Namne paa eit Hotel, og ikkje kunde eit Ord av Maale.
Pengane tok til aa minke stygt au. Men det fekk gaa
som det kunde; det jamna seg vel. Og so hugsa eg, at
naar eg kom fram, so kunde eg gaa beint umbord i
Baaten. Beint fraa Jarnvegen og umbord. So var eg
berga med ein Gong. Daa totte eg alle Sorgir var sløkte.
Ein Seidel 01 paa det! — eg var glad som ein Fugl.
Berre ein kunde lite paa dette Kveldstoge. Det stod
ikkje nemnt i Bladi; og aldri fyrr hadde eg høyrt gjeti
det. Best aa vera trygg; eg gjekk ut paa Trammen og
fann tvo Banemennar. «Pardon, messieurs ... est-ce
que ... va-t-il... hm»; nei. «Geht’s___gehfs ... ein
Zug ... å Amsterdam... Jieute, ce soir___huit heure
quatorze, acht Uhr vierzehn? — Eg stod og kvakla og
kvakla med Tyskt og Franskt um kvart-anna; lite kunde
eg av baae Slagi, og i Dag var eg reint galin.
Bane-mennane spurde kvar eg skulde av. «Amsterdam,» sa
eg og viste fram Billetten. Jau; so var det rett nok
med Toge. Det skulde gaa 8,14. Den eine sagde det paa
Tyskt og den andre paa Franskt; so det var visst nok.
Men so vilde dei hava noko meir Greide paa denne
Billetten. Kor kunde eg ha fengi Billett no til eit Tog som
ikkje gjekk fyrr Klokka 8,14 ? Det kunde eg ikkje klara
korkje paa Tyskt eller Franskt. «Kva er det for eit
Maal De kann daa?» spurde den eine. «Nor-—nor—
norwegisch,» sagde eg. «Jaso. Ikkje noko anna? Jau;
«un peu allemande,» meinte eg. Dei stod og glodde paa
kvarandre so rart; «n-nei-nei, ein wenig allemande,»
retta eg meg; det er det verste Maalstræv eg hev vori
uppi i mine Dagar. Banemennane hadde haldi seg
aal-vorsame heile Tidi; men no gav dei seg yvi. Dei lo so
dei stod tvikrokute. Det var ikkje hugsamt for meg;
men til Slutt kom eg au paa Laatten. Og so var me
17
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>