- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
16

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje meir Billettglugg enn der var Gull. So attende
til den fyrste Gluggen. «Andre Klasse! eg finn ikkje
tridje!» Billettseljaren tøygde seg ut gjenom Gluggen
med heile Bulen og peika og skreik: «par-lå! der! ut
gjenom den Døri! og so 1’aut’ coté!» Eg staup i Veg,
halvgalin av Hast; ut gjenom Døri; tvers gjenom
Ventesalen; nei; ingin Glugg; ut ei Dør til; gjenom eit
Gods-Rom; jau! der var ein Billettglugg. «Amsterdam!
tridje!» eg var haas som ein Hanekjukling av berre
Uppøsing; Billetten fekk eg; so ut same Vegen; inn i
Ventesalen; ut paa Trammen; der stod eit Tog so langt
som halve Karl-Johansgata. «Toge til Amsterdam?»
«Nei,» svara ein Konduktør; «1’aut’ coté!» — han peika
tvert yvi Toge. Eg i Veg; fyrst til den eine Kanten;
der var ingin Utveg; so til den andre, fortumla,
hovda-laus; — huy—yl ylte det paa 1’aut’ coté. «Toge til
Amsterdam?» skreik eg vitskræmd til ein Konduktør;
«der gjeng det,» svara han og peika.

Eg stirde paa Fyren, lengi og hjarteleg. Hadde Magti
vori so stor som Viljen var god, so hadde den Syndaren
vori Oske paa Flekken.

Sorgfull og forharma vingla eg inn til Billettgluggen
att. «Ver so god,» sagde eg og lagde fraa meg Billetten;
«eg vart for sein.» Men eg kunde ikkje faa att
Pengane mine. Derimot kunde eg bruka Billetten seinare i
Dag, sa Gluggmannen. Ce soir, Klokka 8,1k,
«uvétt-ørr-katt-orss!» som Fyren sagde paa sitt
Belgisk-Fransk, gjekk det nytt Tog til Amsterdam. Naa-ja!
det beste var godt nok. Eg turka min sveitte Skalle og
rusla inn i Ventesalen.

Det gjekk ikkje verst endaa, totte eg. Paa denne
Maaten kunde eg enno koma med Amsterdambaaten i
Morgo Kveld. Ubeint vilde det alltid vera aa koma til
Amsterdam so seint. Kl. 1—2 um Natti skulde eg koma

16

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free