Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og no fekk eg so fin ein Tur i Morgonluft og Morgonsol
gjenom det feite flate Holland, at eg reint ut var glad
for at alt hadde gjengi so skakkstyrt.
Og um ein god Time skulde eg vera umbord.
Daa me kom fram, fekk eg fat i ein Berar; eg skulde
til det norwegische Dampfschiff, sa eg. «All right!»
svara han.
Me rusla burt gjenom Amsterdam. Ein forunderleg
By. So gamaldags og hollandsk og velstelt og borgarleg.
Og so rart bygd. Alle Hus i denne eine same gamle
trauste hollandske Stilen. Og Hus ved Hus so tett dei
kunde staa; med dei smale Brjosti til Gata; stengde og
aalvorsame; og øvst uppe høge avrunde Gavlar liksom
Kronur. Kanalar gjekk i Kross og Krok gjenom Byen
kvar ein saag, med lange Radir av Lauvtre paa baae
Sidur. Gata var trong mest all Stad. Men der var Liv
paa denne Gata. Det var ein jamn Stim av rolege, store,
støde Folk som hadde sine Forretningar, og som saag
ut til aa hava det berre godt. Eg lika Byen betre og
betre for kvart Stig eg gjekk; det var ein By for seg
sjølv, dette, noko reint anna enn Antwerpen, som for
det meste berre er ei flat og lite forvitneleg Herming
etter Paris.
Beraren min var ein snild Gut som gjerne vilde drøse.
Daa han fekk vita, at eg var fraa Norig gav han seg
til aa snakke norskt. Han hadde vori til Sjøs og fari
mykje med norske Skutur, sa han. Og ymse Ting hadde
han Greide paa, ikkje minst paa den norske Baaten;
den gjekk her fraa Byen i Ettermiddag, sa han. Det
var greidt: eg var berga.
Eg kunde segja Utlandi Farvel. Det hadde eg baade
Hug til og ikkje. Men det var daa visst paa Tidi at eg
kom heim. Dei Timane som var att til i Ettermiddag
kunde eg bruka til aa umsjaa meg i Amsterdam; so
20
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>