Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1. Ungkarsliv.
Fyrste Breve.
Garviksætri August 1885.
Gode «Fedraheim»!
Jau; her er betre aa vera.
Det vil du forstaa, som sjølv vantrivst i
Kristiania-lufti. Og du maa kje tru der er meir Moro i
Statsrevisjonen enn paa Fedraheimshybelen. Aa nei daa.
Skulde me tala um det, so er det vel faae Ting som er
so lite morosame som aa sitja i eit slikt Kantor og sjaa
paa kor lite Visdom Verdi vert styrd med, som hin
Statsmannen sa.
Ja du hugsar Kantore mitt i Stortingsbygningen? —
Nakne Murveggir; eit tungt gult Skaap; tvo tunge gule
Pultar; tri tunge gule Trestolar; ægte norskt Arbeid
altihop, Fjellmannsverk; grovt og sterkt; utan all
Freistnad paa Stil eller Stas; i den eine Kroken ein
høg svart Jarn-Omn; attmed den ei Vedkasse
ihop-spikra av Fjøl-Endar og yvismurd med brun Oker. Høgt
uppe i den eine Veggen tvo Vindaugo utan Gardin;
gjenom deim hev eg Utsyn til Christian Friele.
Denne Mannen hev med sitt «Morgenblad» Bøie i
Øvre Vollgata, som du veit, millom Vaskekjerringar
og anna rart; og jamt naar eg kjem aat Vindauga og
skal sjaa ut, so er det Framsida eller Baksida av Friele
35
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>