Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
eg fær Augo paa. Det er ikkje stort Umskifte, skulde
eg tru! Med Flossen i Nakken og ei liti Pakke under
Armen stabbar han i Veg paa sine Podagrabein idag
som igaar og imorgo som idag; han skjer Tennar til alt
og vert meg meir og meir til ei Ikjøting av sjølve
Kristiania. For kva er denne halvstore Smaabyen anna enn
slik ein stiv, sur Borgarmann, som set Hatten
fante-flott atti Nakken og skjér Tennar til alt? Lat meg
ikkje klaga yvi trongt Utsyn fraa Kantorglase mitt!
Heile Kristiania er det eg ser, ein Gong Framsida og
ein Gong Baksida; meir kann ingin krevja, naar han vil
vera ein rimeleg Mann.
Men paa Pulten ligg «Statens Regnskaber» fraa attan
hundra og den Tid: store, tunge Protokolar, digre
dumbegraae Papirpakkar skrivne med livlaus, regelrett
Kantorhand til 60 Øre Arke, og fulle av Tal og
Departe-mentsstil; eg vrid meg kvar Gong eg ser deim. Og det
er Christian Friele eg hev Utsyn til her au.
Stiv, stram, med Flossen i Nakken og Brillur paa
Nasen stig han fram for meg gjenom Kantordumba og
Departementsstilen og gryler: Folket? Dette saakaldte
«Folket?» — Det skal ha’ det paa den Manér! Strips
skal det ha! Strips! og en god, stærk trang Trøie ...
dette saakaldte «Folket»!
Hugsar du her i Vinter, daa eg sat og stræva med
Rekneskapen yvi Østerdalsbana ? — Eg var so sinna at
eg sistpaa skreiv ei Vedteikning som var god. Der gjeng
dei og narrar Stortinge til aa bevilge; lovar Vegen for
tie Millionar men brukar femtan; og naar dei hev øydt
upp desse femtan Millionane og noko til, — so er dei
endaa ikkje ferduge!
Etterpaa alt set dei Fragtine for Folk og Gods so
høgt, at Bøndane uppetter Lande ikkje kann bruka
Bana. Dei køyrer sitt Timber til Byen med Hest som i
36
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>