Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
som sprakar og leikar og gjev Tankane Ro; daa kviler
eg som eg aldri hev kvilt fyrr. Ute susar det stilt og
Unnt av Bekkir og Sjøskvalp og Skogen som
svæ-vest–––
Andre Breve.
Kolbotnen August 1886.
— Dessverre; det er som ein Tev av Kristiania her au.
Rundt Savalen, der berre Troll og Fjellbøndar og
Sæter-gjentur og Kyr og han Ivar og eg skulde hava Løyve til
aa ferdast... og so Ekorn og Fugl og imillomaat ein
Bjørn ... rundt denne same Savalen bur det Byfolk!
Ingi Lykke paa Jordi skal vera heil. Korleis det no
kann hava seg.
Men eg hev gjort det eg kann til aa arge og skræme
desse Byfolki; det reine Flagge blakrar yvi Fjellstogo
mi. Norskt Flagg utan svenske Fargar, det er for
Kris-tiania-Nordmannen det same som Krossen for Fanden;
naar han ser det, rømer han.
No hev me daa den kjære Politiken vaar her upp
paa Dovrefjell likso vel som i Byen. Paa den eine Sida
av Sjøen bur Intelligensen — ein Professor, ein
Grosserar og inne i Lomsjødalen ein Apotekar —, og paa den
andre Sida, Vestsida kann du vita — bur dei radikale.
Det vil segja han Ivar og eg.
Ja for han Ivar hev au ei Stogu her uppe. Han bur
noko nordanfor meg: burti Sandvika, innunder
Saval-kletten, burtimot Bjørneheimen. Ei stor gild Stogu paa
ein vid ven Sætervang hev han; men han bur der
sjeldan, og Stogo hev kje noko Namn.
Her ein Kvelden var han hit-hjaa meg; og me sat
fleire saman. Han Ivar baud daa ut ein Premi til den,
45
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>