- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
44

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vert eg, so eg mest trur eg skal kunna liva av det, um
«Morgenbladet» ein Dag fær meg avsett fraa
Statsrevisjonen ... naah! ikkje tenkje paa «Morgenbladet».

Du kann tru det var fint her i Sümar. Um Morgonen
naar eg stod upp, og det var klaart Vér, so var det noko
av det fyrste eg gjorde aa gaa utanfor Glase, paa den
vesle Vollstubben millom Stogo og Koja, og stire mot
Vest; millom Furugreinine kunde eg daa timja Rundane.
Og saag eg at dei var fagre den Dagen, so kleiv eg
uppaa Take av Stogo; og der, øvst uppe paa Møne,
innved Skorsteinspipa, kunde eg staa i lange Stundir og glo
paa desse fagre Fjelli. Det var Stor-Runden og
Diger-Runden eg saag, og ein til; Mid-Runden trur eg. Aa! so
skire og fine som dei laag der; rolege og trygge,
himil-blaae, sylvkvite, høgare enn alt! So overjordisk fritt som
dei lyfter seg upp yvi alle Viddir og Høgdir! Soleis er
det med Storfjelle. Naar alle dei andre sluttar og gjev
tapt, daa fyrst reiser dei store seg, leikande lett som
inginting var, og byggjer seg upp i den solblaae Lufti
som Slott for ljose Gudar.

Eller um Kvelden, naar eg lagde meg; Døri maatte
vera uppe; — og so liggje der og sjaa ut i ville Skogen
med Bar og Lauv so grønt og friskt som du aldri ser det
i Dalen; og so lata seg svæve av Bekken som gjeng
ned-gjenom den svale Lidi med si friske Sildring. Og no ut
mot Hausten. No vert Kveldane myrke; stille og myrke;
og Furutréi stend rundt Stogo høge og svarte; men uppe
paa Himilen med dei kvilande Skyine ligg Maanen stor
og gul og speglar seg i Sjøen, som vert til berre bleikt
skjelvande Gull og glytter inn i Stogo til meg gjenom
Bjørkelauv og krokute Greinir. Daa sét eg meg ved
Aaren og gjer upp Eld, stor, susande Eld, med all den
Veden eg hev hoggi upp utetter Dagen; og so kveikjer
eg Pipa og tek meg eit Glas 01; sit so der ved Varmen,

44

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free