- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
47

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

stor Stein; sit og held Kaffikvild og snakkar Snakk og
ser utyvi den bleike Sjøen med sine skogmyrke Holmar.

Um Dagen held eg meg inne og strævar med den nye
Boki skal bli, — ei fæl Bok. So vert eg leid og gjeng
burt i Straalsjøaasen og høyrer etter um Posten er
komin.

Eller eg ligg paa Sjøen og fiskar. Eg hev ikkje noko
gode Fiskegreidur, og Vére er so midt i Lag; det vil
gjerne vera for kaldt. Og rett som det er stend
Tronfjell med Skoddehatt. Nokon Fiskar er eg ikkje heller,
um eg skal fram med Sanningi. Stundom er ’n Halvor
med; han er glupare, han, og hev betre Fiskelykke. Det
hender at Kvinnfolki au er med. Dei fær Napp kvar
Stundi, kann du vita. Men naar dei skal draga inn, er
det kje noko. Dei er saa nervøse, desse Kvinnfolki.

w

Storfuglane er her i Aar au.

Men Stuten som elte meg so ifjor er burte. Han var
vel av dette nye Vinstrelage, kann eg tru, «Oftedølerne»,
Bondeprestpartie; og dei likar ikkje reint Flagg, dei
heller. Han vil vel ikkje det skal spyrjast i Fjosom at
han gjeng paa Helsing til ein Europæar og
Kristiania-literat; det kann vera fule Fantar lell, slike Fjellstutar.

Men Kyrne er meir truskyldige; dei vitjar meg ender
og daa. Eg høyrer fyrst ei Bjølle burti Lidi; so er det
Nasing og Snusing rundt Stogo og ustød, skeivlande
Kutakt: Klauvir som sleng hit og dit, og haarklædde
Kne som knufflar inn-mot kvarandre, heile denne rare
toflande Takten av gangande Kyr, veit du; daa er dei
her. Kva dei vil? Aa, der er alltid ein litin Grasdott her
og der som dei kann hava Hug paa; men Sanningi er at
dei vil hava Salt. Utanfor Døri, ikring Dørhella, steller
dei seg upp heile Flokken. Der stend dei og ventar,
tölmodsame som Mobben naar han ventar paa Kongen;

47

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free