Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
stend og glor og svingar paa Halen, høgtidslege og
aalvorsame; rundglor; han maa vel koma no snart;
endaa slike Karar plar ikkje vera klokke-plente. Stig
eg daa ut paa Dørhella, med ei Tvaare i Handi kanskje,
liksom til Kongsstav, og den store blaae Reiseluva til
Krune, daa glor dei Augo ut or Hausen paa seg mest;
slik Syn hev dei aldri sét. Men daa dei ikkje fær salt
— der er lite Salt i Kolbotnen i Aar —, so ropar dei
ikkje Hurra; so mykje Vit hev dei daa.
Dei berre driv paa og stend. Svingar paa Rovune og
stend. Dei tenkjer vel som so, at litegrand Ære maa det
vera i meg au, so eg gjev deim noko Salt til Slutt, berre
dei gjev Tol og ventar. Men forstend dei at inkje
Salt-von finst, so snur dei den andre Enden til meg og kastar
paa Nakken; nei enn han, Di! Kva tru slik ein
Kris-tianialiterat skal vera til, naar han ikkje vil straa Salt
for oss?
Og so ruslar dei, og svingar høgt og svivyrdeleg med
det som dei hev i den attare Enden. Kanskje stanar dei
ned-i Bakken, — um eg endaa skulde vilja tenkje meg
um og gjera det godt med deim. Men so sét dei paa
Sprang; hyfser i Veg paa si Ku-Vis; hiver paa Hovudi
med all den Vanvyrdnad som dei kann leggje i slik ei
Rørsle; skeivlar av Stad med Klauvine slengjande hit og
dit og haarklædde Kneknokar knufflande inn-mot
kvarandre.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>