- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
53

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

nok kven som stal eg, dersom der fanst aldri so lite!
— Men det snakkar me kje um det.

I. M.

Etterskrift No. 2: Aa, ver kje vond, Gut; no
skal du faa Mat; og sidan Toddy so mykje du vil drikke.

A. G.

Tredie Breve.

August 1887.

Ja mi Sæl vart eg avsett fraa Statsrevisjonen. Og det
var ikkje Christian Friele som gjorde det, men mine
eigne Stortingsbøndar — med sine Prestar. Ja ja. Det
er den nye Fridomen, ser du. Fridomsmennane styrer;
kva skal me med Fridom daa?

Süme segjer eg vart avsett fordi at eg ikkje var
kristeleg; det er kje sant; eg var likso kristeleg no som
daa eg vart innsett. Andre segjer det var av di eg hev
gjevi ut «Mannfolk»; men det er ikkje heller sant; Hans
Jæger skreiv «Kristiania-Bohémen», han; men enno er
han Stortingsreferent.1 Nei; men eg hadde i seinare Tid
skrivi eitt og anna um Sverdrupstyre, og um
Stortings-bøndane med sine Prestar; skjellt for dei ikkje gav
Kielland Diktarløn; ylt for at dei lagde Forbod paa
«Albertine» ; og daa alt dette var noko som eg etter Grunnlovi
hadde Rett til, — so tok dei fraa meg Matbiten.

Som rimelegt var; kvi skulde dei kje det? Kvi skulde
dei tola Kritik naar dei hadde Magti? Det er ikkje
mange Tyrannar dessmeir som toler Kritik; so var det
kje ventande at Fridomsmennane skulde töla ’n. Naar
dei hadde Magti!

Og den hadde dei. Eg stod aaleine paa Sjakkbrette.
Hadde korkje Bøndar eller Figurar til aa verja meg.

1 Vart avsett sidan. (Merknad 1890.)

4 — Garborg VIII.

53

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free