Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Ja; no er det han som stend der burte og rører i
Gryta, og eg som sit og riv meg i det Haare som eg
(mest) ikkje hev, og skal gjera ferdugt dette Breve. Det
var heitt der burte ved Gryta; men laga ei Spalte av
inginting er ikkje heller greidt; i Grunnen vilde eg heller
koke Grønagraud. Men no stend han der burte so stød
og stiv som eit Troll; tegjer som Steinen og berre ventar
og krev; og um eg gjer meg Ærend der burt og finn paa
eitkvart aa prata um, so berre rører han i Grauten og
minner meg um Kontrakti mi; «fær kje eg Spalta av
deg, so svider eg Grau ten for deg!» — og hit att lyt eg.
Naa ja! — det skulde daa vera som baade hin og
den, um ein tjugeaars Bladmann ikkje skulde kunna
laga ei Spalte naar det kneip; her er ho, tenkjer eg!
A. G.
Etterskrift av han Ivar: Me vart
jam-skjote, Kar; for no er Grauten og ferdug.
Skal eg fortelja heile Sanningi, so er det elles ikkje
fyrste Gongen eg hev koka Graut i Dag; eg totte gjerne
han Kroppen1 kunde ha spandera lite Ros paa meg for
Middagslage eg heldt for han i Dag, eg. Han var so
matlaus at han visste kje si arme Raad; so fann han paa
det at me skulde ut og fiske; men eg skyna vel det var
Meiningi at han berre vilde entre seg nordigjenom til
Polen og sjaa um det fanst Matsaai; — og jamen
laga eg kje til Risengraut, Kar! Eg fann nokre Gryn
slengde nedi ei gamall Tobaksdaase; og so fann eg ei
Spikjepylse som Musi berre hadde halv-eti, og ein gamall
Kakeskalk; ein halv Flatbraud-Leiv gav eg ’n endaa
med seg heimatt; — han var hard, Leiven; men det var
daa den einaste eg hadde. Men sjaa alt dette hev han
kje nemnt det Slag um; han berre gjer Narr og snakkar
um at der ikkje er noko aa stela der burti; aa, eg veit
1 o: Garborg.
52
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>