Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vera likso fri som fyrr til aa tenkje og tala, sét dei meg
paa Dør, for di at eg hev livt etter § 100. Du kann gaa
no, Farr; ser du kje at me hev vunni? — segjer
Demokratane.
Tenk, tru paa Fridomsmennar. Hev du høyrt slikt?
Og tru paa Folke ? H e v du høyrt slikt ?
Folke v i 1 kje ha Rett. Det fekk ikkje Rett heller.
Christian Friele fekk Rett. Og det fekk han, av di
han var ein gamall Podagrist som forstod Verdi.
Haldt Munnen din, «Fedraheim»! Tru som du vil; liv
som du vil; men haldt Munn! Dette er Fridomen. Ein
Ting vil Folke takke deg fyri: at du læt det faa Fred til
aa vera under Pisken. Ein Ting vil det hengje deg fyri:
dersom du vil gjera det fritt.
Kva skal Bonden med Fridom? Han gjeng til Presten
og segjer: kjære, bind Hendar og Føtar paa meg, Far.
Kva skal Presten med Fridom? Han gjeng til Altare og
bøygjer seg for eit Stykke Tre: bind Tanke og Vilje paa
meg, Herre! Og Fetischen bind Presten, og Presten bind
Bonden, og Bonden bind Lovgjevaren og Lovgjevaren
bind oss alle; men i Løyndom spottar me vaare Band; i
Løyndom drikk me Vin og ligg med Kvinnfolk og segjer:
desse toskute Bøndane.
Dette er Fridomen, den sanne og høge Folkefridom.
Aa! kor eg forstend mine Uvénir no. Eg tek Hatten av
meg for Christian Friele som forstod Folke. Men mine
Vénir bør upp i Verdi og hava Pengar og Magt; mine
Vénir bør inn i Statsrevisjonen alle.
— Denne Visdomen var meg dyr; men du skal faa
han til gjevande, «Fedraheim», av di du var faavis og
forsvara Fridomen paa ein Dag, daa det ikkje var
opportunt aa forsvara Fridomen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>