- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
73

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Me skal halde vaar Munn,» segjer eg. «Dersom
Shakespeare sat her i Aar etter Aar og saag paa det
og vreid Heilen sin som ei vaat Fille til aa finne
Samanlikningar og Ord ... han vilde til Slutt kaste Pennen og
gaa heim og drikke seg full.» — «Og endaa er det som
det minnte meg um noko... noko som eg hev sét eller
tenkt meg...» — «Kanskje minner det oss um den
Verdi der me ynskjer aa høyre heime. Eg maa
tenkje paa noko eg drøymde ihop daa eg var litin. Gud
Faders Høgaltar i Himilrike tenkte eg meg soleis paa
Lag.» —

Me strævar upp Bakken og heim. Og alt sig burt i
kveldblaae Skuggar.

*



Ja eg røder um ho Hulda eg, og «Kjeringi mi»;
du hev vel høyrt gjeti at eg er gift?

Det var no og eit Paafund.

Men det var det, ser du, at eg skulde til Fjells. Eg
fann ut at der ikkje var meir enn ein Stad i Lande der
eg kunde bu; Kristiania var for fælt; Smaabyane var
endaa verre; heime paa Jæren var der for tjukt av
Ofte-døl — «Kaninar», som de kallar dei no; eg maatte til
Kolbotnen. Der hadde eg daa liksom Gard ^u.

Men den som skal ha Gard maa dertil ha Kjering; og
so snakka eg med ho Hulda um det; me var no eit
Grand kjende fraa fyrr av au me. Ho var ikkje noko
sers um det i Fyrstningi. Men eg lokka for henne og
kytte og smaalaug; og sistpaa nemnde eg Sjapa. «Du
fær kje anna aa gjera enn passe Sjapa!» — det maatte
hjelpe. Det visste eg; for slik som desse Gjentune for
og flaug etter Sjapa der inne — Bikkjekvalpen du
veit —, det var meiningslaust reint. Og so snart Sjapa
var nemnd, saag eg strakst at ho Hulda tok til aa tenkje

73

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free