Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men i den Stundi ho gladar held ho ei straalande
Høgtid. Ho logar upp so Luft og Skyir vert Eld; Blod og
Eld; Purpur; og Elden sloknar av til Gull; og Gulle
raudnar og vert Kopar; men Koparen døyvest og vert
Bronse, og Bronse ljosnar av i Violett eller Sylv. Det
er Glans etter Glans, Gliming yvi Gliming, i Fyrstningi
skinande sterkt, men dimmare og finare for kvar
Skifting; sistpaa dovnar alt av i fine, kalde Blaalitir som
gjeng yvi i veike Skiftingar av graablaatt og graatt;
og so er det Natti.
Her ein Dagen var Kjeringi og eg som vanleg ute og
gjekk. Inntulla i alt det me aatte av Klæde arbeidde me
oss ut yvi Sjøen paa Ski, som tvo svarte Smaa-Troll paa
ein Isbré; Sjapa tvinta og trilta ikring oss i Snøen som
eit glinsande mjukt svart Silkenøste. Daa me kom
glidande heimatt gjenom Sunde nordanum Holmen, glada
Soli. Der ute i Vest, yvi dei sylvblaae Rundane, kveikte
ho ein Allheimsbrand. Lengst nede eit Lag med
skinande Grønt som eit glimande Metalskjold; yvi det
grøne, og ikring det, Lag yvi Lag med straalande raudt,
fraa blodmyrk Purpureld lengst nede gjenom linnare og
linnare Gliming upp-etter, til dess heile det
forunderlege Farge-Eventyr toppa seg av og folna burt i
skjelvande fine Lilla-Litir og Violett-Skimmer; rundt om alt
dette ei tett Rand av myrk, jønnblaa Himil. Me gjekk
og stirde paa Syne og kunde mest ikkje tru paa det.
«Den som var Maalar!» segjer ho Hulda. «Ingen kann
maale slikt,» meiner eg. «Nei; og um ein kunde, vilde
ingin tru det.» «Dei vilde segja det var usant.» — «Dei
vilde segja det var Galskap.» — «Slikt hev ingin sét
paa denne Jord, vilde dei segja.» — «Og det er sant.
Stakkars Folk, som gjeng der nede i berre Graatt og
aldri fær sjaa slikt. Nei, men hev du sét —? Kva
skal ein likne det med? Kva skal ein kalle det?»
72
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>