- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
75

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kjem: «hva ønsker De ?» — «Tak ... denne Dame og
jeg vilde gjerne bli viet.» — «Vers’god; vil De gaa der
ind ... saa kommer Byfogden.» — «Tak.»

Ein halv Time etter gjekk me ut att same Vegen, og
hadde no Brev paa at me var gifte. Og det er Breve
det stend paa, veit du. Fyrr hadde me vori syndige; no
var me reine som Gull. Og det hadde ikkje kosta meir
enn 5 Kronur og 36 Øre. Avlaate var so billegt at me
totte me hadde Raad til aa gaa til Gravesen og faa oss
Middag.

Dit gjekk me, heile Bryllaups-Lage, og aat vaar
Middag millom dei andre Middagsgjestine. Me tok ein Dram
til Maten og rødde um laust og fast; millom anna fekk
me Mark Oliv til aa fortelja meg, kva Ægtefolk hev aa
gjera naar dei vil fraa kvarandre att. «Den beste Raad
for Folk som vil fraa kvarandre er Utruskap,» lo Mark
Oliv; og me lo alle.

Daa Middagen var fraa-seg-gjord gjekk Brur og
Brudgom heim i Pilestræte att og pakka Kuffertar.

Klokka nie næste Morgonen var me med alle vaare
Tølur umbord paa Toge som skulde til Øysterdalen. Det
ringde og peip; Døri vart stengd; me gjorde lang Nase
til Kristiania og sa «Bæ!» — og i Veg bar det.

Farvel, du dygdesure,
du dygdearme By!
Me dreg tilfjells og byggjer oss
eit Reir uppunder Sky.

Me dreg tilfjells og byggjer oss
eit Reir uppunder Sky;
Farvel, du dygdearme,

du dygdesure By!

*



75

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free