- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
81

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa Husi sine til Vinteren, og paa Reidskapen sin; so
stend han ved Hyvlebenken den eine Dagen og i Smia
den andre; rett som det er maa han til Steien, eller til
Auma, til Handlaren, etter Mjøl og Mat; og so skal han
ender og daa burt-i GaZa og hjelpe Gardsen med
eitkvart; er det Vér ein Dag, so maa han inni Fjelle og
skjote Fugl. Men endeleg fær han Stundir eit Par
Dagar til oss med; og so fer han rundt i Skogen med den
vesle Merri si og finn Turrved til oss i Mengd, og
Feitved og Rotved, Lass etter Lass, so me reint maa
undrast. «At du kann finne so mykje turr god Ved no i
all denne Snøen!» — «Aa,» smiler han Erik; «det er
kje noko Snø aa snakke um enno; me fær nok meir,
skal de sjaa!» —

Og so byter han Ola Komfyr med oss, som sagt; for
hans dreg betre, av di der ikkje er Steikjeomn i han.
So tarv daa kje ho Hulda staa i Gruva med Skjerdingen
og mødast, naar ho skal koke Mat; men baka i Gruva
maa ho.

— Ja, den Bakingi.

Der er so mange Ting! Mjøle maa vera godt, og
Gjestren maa vera god; skal Deigen gaa upp, maa han
dertil hava det varmt baade Natt og Dag; det er mest
raadlaust. Og so er det alle Slags Kunstir og Knip med
Knading og Handfåring baade fyrst og sist; men det
verste er Steikjingi. Hev ein so ikkje Greidur som til
høyrer, men maa steikje paa ei Jønnpanne i ei Gruve ...
so kann du sjølv forstaa köss det maa bli, um du aldri
so mykje er Ungkar. Süme Stadir vil Brøde bli brent,
andre Stadir vert det kje steikt; so vil det ikkje gaa
upp, og so vert der Daudrand... ho Hulda er so i Ulag
at ho græt mest stundom, naar ho gjeng og masar med
denne Bakingi og ikkje fær det til.

Ho hev aldri baka fyrr, og ikkje stelt Mat heller, so

81

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free