Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Barkostane sine fulle av Snø og ser ut som dei paa alle
sine Toppar og Kvistir bar fin, kvit Bomull i
smaa-dottar.
Utanfor Døri kann me kje koma utan paa Ski.
*
Men me hev nok inne aa gjera.
Pargase vaart hev me fengi upp ifraa Auma; og no
gjeld det aa koma i Skikk. Eg slær Spikrar i alle
Veggir, so me kann hava aa hengje upp paa, og Hyllur her
og der, so me kann hava aa leggje paa. Det vert fullt
all Stad, paa Hyllur og i Krokar; det er naar ein skal
flytja at ein fær vita kor mykje ein eig. Alt me ikkje
hev serlegt Bruk for stuver me ned i Kuffertar att; det
fær eg sidan draga til Nordpolen.
Men me fær Bruk for meir av vaare Fillur enn me
tenkte. Han Erik Strype hev vori hit og dytta i Stogo
med Mose og Drev, so ho kunde bli tett til Vinterbruk;
men han hev kje vorti ferdug; der er Rivur i Veggine
som me kann sjaa utgjenom, og Hol uppunder Take som
me kann stinge Armen i; attum Skorsteinen er der so
opi at det stend som ein Straum av Vinter inn millom
Veggen og Muren. So flyg me og dyttar og dyttar med
Fillune vaare all Stad, stappar og dyttar, dyttar og
stappar, mest upp-yvi Sengi, der det kann turvast som
mest. Sistpaa er heile Sengi innklædd som i eit Tjeld:
eit stort raudt Stikkteppen øvst uppe til Himling, og
Plagg og Aaklæde rundt Veggjom; no ser Sengi ut som
eit Fuglereir.
Han Erik hev lova aa køyre heim Turrved aat oss;
men han hev ikkje Stundir enno. Han er aaleine der
upp-i Aasen med det vesle Gardsstelle sitt, og hev nok
aa gjera. No er det snart Joli; han maa gjera Sko til
ho Eline, og til ho Sigrid med; dessutan maa han stelle
80
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0082.html