Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og noko Sukker; ja noko er det rett som det er; og
dessutan Posten; du fær segja fraa, du Olaf, naar du høyrer
Far din skal ned-yvi.» — «Ja—a,» segjer han Olaf. —
«Skal han kje ned-yvi no snart, trur du ?» — «Mmm...
veit kje; det bi vel kje paa ei Tid no att; han er
ned-yvi i Dag, han Far.» — «I Dag! — Nei men kvi sa
du kje det sist, Olaf? — Og eg som bad Mor di sende
Böd hit, naar Far din skulde ned-yvi... Nei so ille
som dette var daa.» Han Olaf gneg paa Kaka si og
mullar. «Ja men no maa du hugse paa dette, Olaf! —
segja fraa, naar du høyrer gjeti nokon som skal
ned-yvi, kven det so er!» — «Mmja—a.»
Aatte Dagar etter sit han Olaf ved Aaren som vanleg.
«Skal Far din ned-yvi no snart?» spyrr ho Hulda. —
«Han Far var ned-yvi igaar, han.» — «Jaso!!» — «Men
du kunde ha fengi Bo med ’n Erik, du, hadde du vilja.»
— «So; naar skal han ned-yvi daa?» — «Han Erik?»
— «Ja?» — «Eg veit ikkje eg, no; men han er ned-yvi
i Dag han.»
Ho Hulda tagnar og ser paa meg; eg dreg paa Aksli.
«Sjølvhjelpt er velhjelpt.» segjer eg; «ingi Naud so
lengi ein hev Føtar aa gaa paa!»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>