Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Kautokeino og er meg seld for Finnehund; svart er ho
so det glansar av henne, og kvit i Bringa; tri kvite Haar
hev ho paa Rumpetippen med, og aldri so lite
Kvit-skvettar paa Labbane. Eit par forlivande blanke Augo
hev ho, og eit lite fint Hovud som stend godt paa
Halse-stubben; men i den andre Enden er ho noko tung, so
ho er ikkje ulik ein litin Bjørn, naar ein ser ho fraa
Sida.
Ho hev ikkje store Krav. Men ein Ting maa ho hava;
og det er Maten. Den fær ho aldri for mykje av, kann
eg tru. Men so er ho gild med det at ho ét alt Slag;
Potetskrell, Fiskebein, Filtskor, gamle Brøkar, «Verdens
Gang», Fuglevengir, Skinnfeldar, Furuved, Hestelort og
utruleg mykje anna gneg ho i seg; og kann ho faa seg
’ti ein Fløytevaffel, eller eit Stykke Rype med Saus,
eller ein Kopp Kaffi med ein Sukkerbit, so segjer ho
kje nei til det heller. Det einaste ho ikkje bryr seg um
er det som me lagar aat henne: Vatsgraut; men kva
skal ein segja? Eg er kje noko sers glad i Vatsgraut
eg heller.
Det er Meiningi at Sjapa skal vera liksom Vaktmann
her paa Garden; serleg skal ho verja oss mot Bjørn.
Ho er noko ung enno; men ho vert nok gamal; og ho
øver seg i sitt Kall baade tidleg og seint. Det heng ein
Sauefeld utpaa Tune; den gøyr ho paa ei Rid rett som
det er; for han ser henne stygg ut, den Feiden. Eit
Grand rædd han er ho au; her i Dagmorgo hengde eg
Skinne inn i Stogo til Tining eit Bil; men daa totte Sjapa
det vart for utrygt her, og torde kje vera inne. Men ho
fær nok Mannskap til aa gaa paa Bjørnen, skal me sjaa;
det var visst ikkje stort Mod i oss heller, daa me var
fjortan Vikur gamle.
Det er nok dei som ser med Tvil paa Sjapa, um det
heng rett ihop med Ætti og slikt. Mor hennar kann ha
84
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>