Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Gong, veit du; men med honom er det berre Gjøn og
Jaal; og den han bryr seg mest um av oss er Sjapa.
Meg gjer han Narr av alt det han kann. Eg er ein
Bakstrævar, segjer han, og ein Opportunist; han hev
vorti so ille radikal i det siste, denne Teologen. Med
Hulda røder han um sine Gjentesorgir. Kvar Gong han
kjem, spyrr han henne paa Ære og Tru, um ho ikkje
meiner han bør gifte seg no snart; svarar ho nei, so
segjer han jau; han vil gifte seg! — og svarar ho ja,
so spyrr han: «veit du nokor som vil ha meg daa?»
Eller han kjem stikkande med eit Fotografi og spyrr:
«trur du eg skulde béle til henne?» — «Klem paa,»
meiner ho Hulda. «Ja men trur du ho vil ha meg daa?»
— «Det vil ho visst.» — «Ja men trur du at eg vil ha
henne daa?» — Det er ingin Veg komande med
Saval-guten.
Sist han var her, gjorde han Narr av meg for denne
galne Aumaferdi mi som du kanskje hev høyrt gjeti; so
no er det vel best eg fortel den Sogo sjølv. Elles kunde
Savalguten setja ho i Blade paa si Vis, og dermed gjera
meg til Narr for heile Nordre Østerdalen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>