Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
eg var paa Auma eg, so ho hadde Kjeringi for seg
aaleine. So segjer ho:
«Du Hulda, det var noko eg hev tenkt eg vilde spyrja
deg um.»
«Naa ?»
«Dei segjer det her upp-i, at du og ’n Garborg er
gifte berre borgarleg; men det kann vel ikkje vera Raad
det lell?»
«Aa jau; det er nok Raad.»
«Er det sant?»
«Javisst er det sant. Skulde det vera so rart, det
daa ?»
Ho Anne rister paa Hovude og undrast. «Nei er det
sant lell. — Nei tenk det daa. — Nei men er det kje
rart aa vera gift berre paa ei viss Tid?»
«Paa ei viss Tid, segjer du?»
«Ja? — Ja dei segjer det her upp-i, at naar dei er
borgarleg gifte, so er det berre paa ei viss Tid.»
«Aa —! so naa. Ja daa; du kann vita det er berre
paa ei viss Tid.»
«Kanskje det er kje paa so reint lang Tid heller?»
«Det er paa eit Aar. Eit Aar etter den Dagen me
vigdest, Kl. 12 Middag, maa me gaa kvar til sin Kant.»
Ho Anne vert liksom noko uviss: «ja du veit eg hev
kje havt den Trui eg, endeleg; men dei segjer so her
upp-i.»
«Aa ja,» svarar ho Hulda; «du maa kje tru det er so
mykje klokare mangt av det dei segjer um desse Ting
lenger ned-i heller.»
Noko med det gildaste er naar Gardsen kjem
ruslande ein Ettermiddag; med honom kann me svalle um
kva som helst. Og so hev me lært han spéla Whist; so
sit me og spélar Kort og hev det koselegt lange Stundir.
Og so er det no Savalgutten som sleng her so ender og
87
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>