Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Der er Vegen. Eg krabbar upp-or Snøfonni; dreg
Anden djupt; sopar Snøen av ein Stein og sét meg. Du
kann turve noko aa styrkje deg paa no, segjer eg til
meg sjølv.
Vaffelen smakar, endaa han er kald so han iser i
Ten-nane. Paa Lummeflaska hev eg ei Blanding av søt Mjølk
og Kognak; den smakar endaa betre. So legg eg i
Veg att.
Um eit Bil kjem eg til ei Kolmile. Der endar Vegen.
Ja-so. Naa. Sjølvsagt! Eg hev so gode Stundir i Dag,
maatru ...
Eg legg paa Snøfonni att. Den vert djupare di lenger
ned eg kjem. For kvart Stig sig eg so langt eg er
klovin. Huh. Klokka tor eg ikkje sjaa paa. Endaa
godt at det er Upphald att. Skyut er det enno, men
kaldare; til Kvelds kann det hende det klaarnar, so eg
kann faa Maane paa Heimvegen.
Klokka halv tri er eg paa Vegen. Her kjenner eg meg
att. Naa; det var kje for tidleg. Eg legg til Sprangs,
trøytt som eg er; kunde eg endaa vera her uppe att til
Klokka fem eller so ...
— Gudskjelov; der er Straumen. No er det ikkje so
langt att. Drive paa, drive paa ...
Uh; der hev me Hundane. Fraa kvart Hus og kvar
Hytte kjem det skvakkande ei Bikkje: Finnehundar,
Bjørnehundar, store Hundar og smaae Hundar, ein graa,
ein annan svart, ein sint, den andre sintare; like inn i
Leggen paa meg flyg dei; gøyr som for Betaling,
skvakkar og gøyr, med gneistrande Augo og Sküm paa
Ten-nane; sankar seg ihop til ein heil Flokk; eg kjenner
knapt Føtane eg gjeng paa. Kvart Skvakk gjev meg ein
Støyt gjenom heile Nerveveven: upp gjenom Ryggen, i
Hjarta, i Hovude; eg kjenner Haare reise seg; Andlite
stivnar ikring Munnvikine; Augo ser Skuggar; det susar
90
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>