Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
for Øyro; Hjarta slit i meg; eg ventar kvar Stundi aa
kjenne hoggande Tennar i mitt arme Kjøt. Som jaga
av Djevlar flyg eg nord gjenom Lidine; Hundeflokken
etter meg; ikkje eit Menneskje aa sjaa ... Endeleg finn
Hundane at dei hev berga Grendi si. Dei gjev seg etter.
Att-i ein Bakke stend dei og gøyr; og ein i Senn skvett
fram ein Gong imillomaat skal vise meg at dei er med;
paa hastande, nervøse Føtar flyg eg snøgg som ein
Vind; til Slutt er det berre den store svarte
Bjørnehunden som stend att upp-i Bakken og sender meg eit
Skvakk so ender og daa: kom att, du! — berre kom
att du! — berre vaaga deg, du! — Fritenkjaren!
Eg kjem inn paa Landhandlarbui so utmødd at eg lite
fær upp Mæle. Brød? Finst ikkje Brød. Mjøl? — Aa
ja; litegrand Mjøl... Og Salt? — Og Sukker? —
Sist-paa hev eg Skreppa mi rett tung og full. So er det
ned til ’n Olaus etter Posten; der er tri Dagblad og ei
Rekning. Og eg som venta so paa Brev; naah. Eg
tømer Lümmeflaska mi; ét den siste Vaffelen; skyt
Hjarta i Live og legg av Stad. Klokka seks er eg uppe
paa Skogvegen.
Det gjeng ikkje verst. Det er skümt og myrknar fort;
men eg kann daa sjaa Leidi. Det er noko Krangel her
og der: Vegar som tek av; Vegar som eg ikkje kann
hugse; men eg freistar meg fram ,og greider det. No
berre taka det rolegt; halde Mode uppe og Hovude
klaart; um ein Times Tid finn eg att Skiene, og so er
eg berga; Føre besnar no.
Det held paa myrkna. Men enno kann eg timja
Vegen. Han dreg seg gjenom Snøen som eit myrkare
Band. Snøen er ein god Ting; er det Snø, so vert det
aldri fullsvart...
I verste Tilfelle vil eg kunna kjenne meg fram med
Fø-tane; so snart eg kjem utanfor Vegen sig eg i til Knes.
91
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>