Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Erik Strype hadde lova oss ho ferdug til Jonsok.
Jonsok kom. Og Fantefylgje kom: Kjeringi, Bikkja,
Ungen, Fanten; eit Kjerrelass med Tølur fylgde med. Og
alt var ferdugt: Skogen stod som ein Festkrans av
saftfyllt Bar og glitrande nysprungi Bjørkelauv og
lauga seg i Sol og spegla seg i Sjø; og Aasar og Fjell
gidra i himilblaa Luft som i ei tindrande glad Ørske;
alt var ferdugt, ja ... so nær som Nystogo. Den var so
vidt halvferdug, den.
Ein Kristianialiterat, ein av dei rette, ein med
Lorgnett paa, kom og vitja oss; so vart Gamlestogo paa ein
Gong: 1) Daglegstogu, 2) Barnekammers, 3) Matsal,
4) Kjøk, 5) Baderom, 6) Soverom, 7) Arbeidsrom,
8) Hundehus, 9) Gjestekammers. Og me kunde med det
grøne Tæpe vaart ikkje skifte ho av i meir enn tvo. Daa
var me tilfjells, kann du tru! Ei Hjelp var det, at me
ikkje hadde langt til Nordpolen.
Kristianialiteraten vart sjuk for oss. Me hadde kje
Mat til han, maa tru; Handlarane paa Auma og Steien
aatte kje Brød, og ikkje Mjøl (det var i den Tidi daa
det var Sümarthing der nedyvi); og i Nordpolen laag
Literaten um Nætane og fraus og fraus som ein Hund,
mest utan Sengklæde. Han maatte berre sjaa aa berge
seg aat Byen att. Me fekk i ein Øyk til han; og daa
han ikkje tolde aa køyre paa desse Skogvegane vaare
maatte han ride. Men so fanst det ikkje Sål nokon
Stad her ikring, anna ein Kvinnfolksål;
Kristianialiteraten med si Weltschmerz og sin Lorgnett laut daa
draga i Veg gjenom den grønkande Skogen paa Ryggen
av Gamlemerri hans Erik Straalsjøaasen ridande paa
Damevis. Men Riddaren var tung; Sålen gleid, og
Literaten vart sitjande med Enden heller langt bak og
Ho-vude heller langt fram, nikkande og dumpande, jam-
Tølur: «Diverse».
121
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>